Huesca | |||
Uesca | |||
provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Aragón | ||
Areal | 15 626 km² | ||
Folketal | 228 634 (2024)[1] | ||
![]() Provinsen Huesca 42°10′00″N 0°10′00″W / 42.166666666667°N 0.16666666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Province of Huesca |
Huesca (spansk Huesca, aragonsk Uesca) er ein provins nordaust i Spania, nord i den autonome regionen Aragón. Provinshovudstaden er Huesca.
Provinsen ligg like sør for Pyreneane og grensar Zaragoza og Lleida og regionen Navarra. I tillegg grensar han til dei franske departementa Pyrénées-Atlantiques og Hautes-Pyrénées.
Provinsen har 202 kommunar og dekkjer eit område på 15 626 km². Det bur om lag 225 000 innbyggjarar i provinsen, om lag ein fjerdedel av desse bur i provinshovudstaden.
Det høgaste fjellet i Pyreneane, Aneto, ligg i Huesca.