Observasjonsdata Epoke J2000.0 Ekvinoks J2000.0 (ICRS) | |
---|---|
Stjernebilete | Kentauren |
Rektascensjon | 14h 29m 42.9487s[1] |
Deklinasjon | −62° 40′ 46.141″[1] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | M5.5 Ve[1] |
U−B fargeindeks | 1.43[1] |
B−V fargeindeks | 1.90[1] |
Variabel type | Flarestjerne |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | −21.7 ± 1.8[2] km/s |
Parallakse (π) | 768.7 ± 0.3[3] mas |
Avstand | 4,243 ± 0,002 ly (1,3009 ± 0,0005 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | 15.49[4] |
Detaljar | |
Masse | 0.123 ± 0.006[5] M☉ |
Radius | 0.141 ± 0.007[6] R☉ |
Luminositet (bolometrisk) | 0.0017[7] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 5.20 ± 0.23[5] cgs |
Temperatur | 3,042 ± 117[5] K |
Metallisitet [Fe/H] | 0.21[8] dex |
Rotasjon | 83.5 dagar[9] |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 2.7 ± 0.3 km/s |
Alder | 4.85[10] mrd. år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Proxima Centauri er ei raud dvergstjerne i solsystemet Alfa Centauri, kring 4,24 lysår frå sola i stjernebiletet of Kentauren.[11][12] Ho vart oppdaga i 1915 av den skotske astronomen Robert Innes.
Trass i at ho er den stjerna som ligg nærast solsystemet, er ho for lyssvak til at ein kan sjå ho med den nakne auga, og har ein tilsynelatande storleik på 11,05. Ho er ei variabel stjerne av typen flarestjerne, noko som vil seia at ho har tilfeldige større endringar i ljosstyrken.
Avstanden til den nest nærmaste og tredje nærmaste stjerna, som i lag dannar den lyssterke dobbeltstjerna Alfa Centauri, er 0,237 ± 0.011 ly (15 000 ± 700 AU).[13] Proxima Centauri er truleg ein del av eit trippelsystem med Alfa Centauri A og B, men omlaupstida kan vere større enn 500 000 år.
Diameteren til stjerna er kring ein sjuandedel av sola,[10] medan masse er kring ein åttandedel, og den gjennomsnittlege tettleiken er kring 40 gonger så stor som tettleiken til sola. Sjølv om ho er særs lyssvak, er Proxima ei flarestjerne som går gjennom dramatiske aukar i lysstyrken på grunn av magnetisk aktivitet.[14] Magnetfeltet til stjerna vert skapt av konveksjon i stjernelekamen, og flare-aktiviteten skapar like stor røntgenstråling som det sola skapar.[15] Blandinga av brense i kjernen i Proxima Centauri gjennom konveksjon og den relativt låge energiproduksjonen til stjerna, indikerer at ho vil vere ei hovudseriestjerne dei neste fire billionar åra,[16] eller nesten 300 gonger så lang som den noverande alderen til universet.[17]
Ein har ikkje funne lekamar i bane kring Proxima Centauri, og ein har utelukka nærværet av brune dvergar og supermassive planetar.[18][19] Nøyaktige målingar av radialsnøggleiken har òg utelukka superjord-planetar i den habitable sonen til stjerna.[20] Om ein skal finne mindre lekamar må ein ha betre instrument, som James Webb Space Telescope, som skal takast i bruk i 2018.[21]
Fordi stjerna ligg så nærme jorda, er det føreslått som destinasjon for ei interstellar reise.[22]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SIMBAD
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet apj118
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet abs_mag
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaa397
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaa505_1_205
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet lbol
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaa519_A105
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Benedict
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ESO2003
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet apj547
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet adams
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaal344
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet apj119
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet numbers