Pseudonym, psevdonym (frå gresk ψευδώνυμο, 'falsk namn') eller løyndenamn er eit oppfunne namn brukt av ein person i staden for det rette namnet. Franske ord for løyndenamn er nom de plume, 'pennenamn', for forfattarar som ikkje ynskjer å nytta sitt eige namn ved publisering, eller nom de guerre, 'krigsnamn', for namn brukte i samband med krig i verkeleg eller overført tyding.