Puglia

Puglia
region
Flagg
Symbol
Land  Italia
Del av Mezzogiorno
Hovudstad Bari
Areal 19 365,8 km²
Folketal 4 029 053 (2019)
Kart
Puglia
41°00′31″N 16°30′46″E / 41.008611111111°N 16.512777777778°E / 41.008611111111; 16.512777777778
Kart som viser Puglia.
Kart som viser Puglia.
Kart som viser Puglia.
Wikimedia Commons: Apulia

Puglia (latin Apulia) er ein region søraust i Italia. Hovudstaden er Bari. Det grensar til Adriahavet i aust, Det joniske havet i søraust og Otrantosundet og Tarantobukta i sør. Den sørlege delen av regionen består av Salento, halvøya som utgjer den høge helen på den italienske «støvelen». Regionen har eit areal på 19 366 km² og har om lag 4 millionar innbyggjarar. Av andre regionar grensar Puglia til Molise i nord, Campania i vest og Basilicata i sørvest. På andre sida av havet ligg Hellas og Albania. Regionen strekkjer seg nord til Gargano, og var åstad for dei siste stadia i den andre punarkrigen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne