Punktskrift

Punktskrift

Punktskrift (fullskrift og enkel kortskrift: ⠏⠥⠝⠅⠞⠎⠅⠗⠊⠋⠞; normal el. utvida kortskrift: ⠏⠅⠞⠎⠅⠗⠊⠋⠞) eller braille, tidlegare kalla blindeskrift, er eit skriftsystem som blir brukt av synsskadde eller blinde personar i store delar av verda. Systemet byggjer på eit rektangel som består av seks punkt, i to loddrette kolonnar med tre punkt i kvar kolonne. Rektanglet er ikkje større enn at det kan bli dekt av fingertuppen. I ei punktskriftsbok les vi punktskrifta frå venstre til høgre med fingertuppen.

Dei ti første teikna står både for tal og bokstav, slik at symbolet for C og for talet 3 t.d. er det same. I tillegg er det metasymbol: neste symbol er ein bokstav, neste symbol er eit tal, punktum, komma, osb.

Med overgangen til digital lagring av tekst har punktskriftsystemet fått eit omsving. Punktskrifta har ein eigen representasjon i Unicode, og tekst kan automatisk bli konvertert til punktskrift. Kombinert med ein tekst-basert nettlesar som lynx kan dermed blinde ha same tilgang til t.d. internett som det alle andre har.

Skriftsystemet vart laga i 1821 av Louis Braille.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne