Purre

Purre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Villpurre A. ampeloprasum
Varietet: Purre Allium ampeloprasum var. porrum
J.Gay, 1847

Purre eller purrelauk (Allium ampeloprasum var. porrum syn. Allium porrum) er ei toårig laukplante i laukslekta frå traktene kring Middelhavet. Han er herdig mot kulde og frost, noko som gjer at ein finn han vill så langt nord som Tyskland. Dyrka kan han jamvel tola tele. I motsetnad til dei fleste andre arter i slekta, så dannar den ikkje nokre eigentlege laukar, i staden dannar laukblada ein lang sylinder.

Ferske purrelaukar.

Purre er ein viktig grønsak som kan nyttast rå, gratinert eller stuva. Anten for seg sjølv eller i gryterettar, supper og gratengar. Purre er hovudingrediensen i vichyssoise og cock-a-leekie. Den sistnemnde retten ligg skottane varmt om hjarta og er ofte forrett til Burns Suppers, middagar som hyllar den skotske poeten Robert Burns sitt liv og poesi. Ved dyrking dekkjer ein ofte delar av purrelauken for at han skal halda seg kvit og mjuk.

Namnet purre kjem frå latin porrum som opphavleg tydde graslauk.[1]

Purrelauken er heraldisk symbol for Wales og vernehelgenen deira, David av Menevia, som var vegetarianar. På dødsdagen til vernehelgenen, 1. mars, ber mange i Wales eit lite purrelauksymbol på jakkekragen, inklusive prins Charles, ettersom han er prins av Wales. Purrelauken er regimentsvåpen for det britiske infanteriregimentet Welsh Guards.

Purre har vore dyrka i Norden frå mellomalderen. Det har vore registrert ein del einskildfunn av forvilla purre i norsk natur ulike stader.[2]

  1. Catharina Grünbaum, Purjolök och vitlök
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet lid8

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne