دولة قطر Dawlat Qatar (norsk: Qatar, qatarsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «As Salam al Amiri» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||||
Hovudstad | Doha | ||||||
Styresett |
Monarki Tamim bin Hamad Al Thani Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim Al Thani | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
11 586 km² (160.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
2 314 307 (141.) 199,8 /km² (50.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
3. september 1971 | ||||||
Nasjonaldag | 3. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
324 200 mill. USD (50.) 145 000 USD (1.) | ||||||
Valuta | Qatarsk riyal | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +974 | ||||||
Toppnivådomene | .qa
|
Qatar (arabisk قطر, Qaṭar), offisielt Staten Qatar (arabisk دولة قطر, Dawlat Qaṭar), er eit suverent land i Sørvest-Asia, på den vesle Qatarhalvøya på nordaustkysten av Den arabiske halvøya. Det einaste grenselandet er Saudi-Arabia i sør medan resten av landet er omringa av Persiabukta. Eit sund i Persiabukta skil Qatar frå den nærliggjande øya og kongedømet Bahrain. I 2013 hadde Qatar 1,8 millionar innbyggjarar: 278 000 qatararar og 1,5 millionar utlendingar.[1]
Etter det osmanske styret vart Qatar eit britisk protektorat tidleg på 1900-talet fram til det fekk sjølvstende i 1971. Qatar har vorte styrt av Al Thani-familien sidan midten av 1800-talet. Qatar er eit absolutt monarki og statsleiaren er emir sjeik Tamim bin Hamad Al Thani.[2] Etter Saudi-Arabia er Qatar det mest konservative samfunnet i Golfrådet[3][4] sidan dei fleste qatararane fylgjer den strenge wahhabi-tolkinga av islam.[5][6][7] Sjaria er hovudgrunnlaget for den qatarske grunnlova.[8][9]
Qatar er ein høginntektsøkonomi med den tredje største naturgass- oljereserven i verda.[10] Landet har den høgaste inntekta per innbyggjar i verda. Qatar er ein viktig deltakar i den arabiske verda og støtta fleire opprørsgrupper under den arabiske våren både økonomisk og gjennom den globalt utvidande mediagruppa Al Jazeera Media Network.[11][12][13] Qatar skal vere vertskap for verdsmeisterskapen i fotball 2022 som det fyrste arabiske landet.[14] Trass i storleiken på landet har Qatar stor makt i verda og vert rekna som ei mellommakt.[15][16]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet wahh
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet insom
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet risingreuters
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet con
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet qat1