QuAUDIOPHILIAc Samlealbum av Frank Zappa | ||
Utgjeve | 14. september 2004 | |
Innspelt | 1. mars 1970–1978 | |
Sjanger | Jazzfusion, hardrock, eksperimentell rock | |
Lengd | 50:36 | |
Selskap | Barking Pumpkin | |
Produsent | Frank Zappa, Dweezil Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Joe's Domage (2004) |
QuAUDIOPHILIAc | Joe's Xmasage (2005)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
QuAUDIOPHILIAc er eit samlealbum av Frank Zappa, gjeve ut i 2004 av Zappa Family Trust. Det består av innspelingar han gjorde medan han eksperimenterte med kvadrofonisk lyd, eller lyd i fire kanalar, i 1970-åra. Det er produsert av Zappa og fullført av sonen hans, Dweezil Zappa, med kringlyd. Zappa førebudde kvadrofoniske miksar av fleire av albuma sine i 1970-åra, men dei vart aldri gjevne ut på den tida. QuAUDIOPHILIAc vart omtalt som det første i ei rekkje med dette materialet.
Fleire av songane på QuAUDIOPHILIAc var ikkje tidlegare gjevne ut, eller var berre tilgjengeleg i ei redigert form. Innspelingane er frå så tidleg som i 1970, med «Chunga Basement», ein versjon av tittelsporet på Chunga's Revenge (1970). Her finst òg tre spor frå Royce Hall i 1975, UCLA-konsertane med the Abnuceals Emuukha Electric Orchestra som vart Orchestral Favorites (1979).