Queen

Queen

Øvst: Brian May, Freddie Mercury
Nedst: John Deacon, Roger Taylor
OpphavLondon i England
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock
Tilknytte artistar
Plateselskap
MedlemmerBrian May
Roger Taylor
Tidlegare medlemmerFreddie Mercury
John Deacon
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Songwriters Hall of Fame, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Queen er eit britisk rockeband som vart skipa i London i 1970. Den klassiske besetninga deira var Freddie Mercury (solovokal, piano), Brian May (sologitar, vokal), Roger Taylor (trommer, vokal) og John Deacon (bassgitar). Dei tidlegaste verka til Queen var inspirert av progressiv rock, hardrock og heavy metal, men bandet glei gradvis meir mot konvensjonell og radiovennleg musikk utover i karrieren med til dømes arenarock og poprock.

Før dei danna Queen, spelte Brian May og Roger Taylor i lag i eit band kalla Smile. Freddie Mercury (då kjend under fødenamnet Farrokh «Freddie» Bulsara) var fan av Smile og oppfordra dei til å eksperimentere meir på scenen og i studio. Mercury vart med i bandet i 1970 og føreslo Queen som nytt namn på bandet, og byrja å bruke det kjende scenenamnet sitt. John Deacon vart med i bandet før innspelinga av debutalbumet Queen i 1973. Queen gjekk først inn på albumlista i Storbritannia med det andre albumet sitt, Queen II, i 1974, men det var utgjevinga av Sheer Heart Attack året etter og A Night at the Opera i 1975 som gav dei internasjonal suksess. Det sistnemnde albumet inneheld «Bohemian Rhapsody», som låg på toppen av singellista i Storbritannia i ni veker og populariserte musikkvideoen. Albumet News of the World inneheld «We Will Rock You» og «We Are the Champions», som har blitt mykje nytta under idrettsarrangement. Tidleg i 1980-åra var Queen blitt eit av dei største stadionrockbanda i verda. Konserten deira i 1985 under Live Aid vert rekna som ein av dei største augneblikka i rockehistoria av fleire musikkmagasin, og ei kåring blant musikkjournalistar i 2005 . I 1991 døydde Mercury av bronkopneumoni som følgje av AIDS, og Deacon trekte seg frå bandet i 1997. Sidan den gong har May og Taylor stundom spelt i lag, mellom anna med Paul Rodgers (2004–09) og med Adam Lambert (sidan 2011). I november 2014 gav Queen ut eit nytt album, Queen Forever, med vokal frå den avdøde Mercury.

Det er estimert at det samla platesalet deira er ein stad mellom 150 og 300 millionar plater, noko som gjer dei til ein av dei bestseljande artistane nokon gong. Queen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne