Queen II Studioalbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mars 1974 | |
Innspelt | August 1973 i Trident Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:42 | |
Selskap | Parlophone (Europe), Elektra (US), EMI (UK) | |
Produsent | Roy Thomas Baker, Robin Geoffrey Cable, Queen | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
Queen (1973) |
Queen II | Sheer Heart Attack (1974) |
Singlar frå Queen II | ||
|
Queen II er det andre studioalbumet til den britiske rockegruppa Queen, gjeve ut den 8. mars 1974. Det vart spelt inn i Trident Studios i London i august 1973 med produsentane Roy Thomas Baker og Robin Cable, og Mike Stone som lydteknikar. Albumet er kjend for ein kombinasjon av heavy metal og kunstrock.[2] Det har blitt kalla «ei søyle av grandios, hardtslåande hardrock» av Rock and Roll Hall of Fame.[1]
Queen II er ikkje eit konseptalbum, men ei samling av songar me eit laust tema som går att gjennom dei.[5] Dei to sidene av den originale plata vart kalla «Side White» og «Side Black» (i staden for side «1» og «2» som vanleg), med samsvarande bilete av bandet kledde i kvitt eller i svart på kvar side av etiketten på plata. Den kvite sida har songar med meir kjenslemessige tema, medan den svarte sida er berre om fantasi, ofte med ganske mørke tema. Fotografiet til Mick Rock på plateomslaget vart ofte nytta om att av bandet i karrieren, mellom anna i musikkvideoane til songane «Bohemian Rhapsody» (1975) og «One Vision» (1985).
Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut og Queen II er framleis eit av dei minst kjende albuma til bandet. Likevel har det ein hard tilhengjarskare og har blitt hylla av musikarar som Axl Rose, Steve Vai og Billy Corgan, og er kjend for å vere det første albumet som inneheld element av signaturlyden til bandet med lag på lag av lyd, vokalharmoniar og variert musikalsk stil.[2][6]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Allmusic
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet IGN