Queen Rocks Samlealbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. november 1997 | |
Innspelt | 1972–1997 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 70:21 | |
Selskap | Parlophone (Europe) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
Ultimate Queen (1995) |
Queen Rocks | The Crown Jewels (1998) |
Singlar frå Queen Rocks | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Queen Rocks er eit samlealbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1997.
Albumet er eit utval av dei tyngre songane til Queen. Det inneheld òg ein ny song, «No-One but You (Only the Good Die Young)», som er ein roleg ballade. Denne songen byrja som ein song for Brian May-album Another World (1998). Dei attverande medlemmane valde å spele inn songen som ein avslutning for karrieren deira som Queen. Det var den siste originale studioinnspelinga frå 1990-åra med Brian May, Roger Taylor og John Deacon (og den første nokon gong for Queen utan Freddie Mercury).
Albumet er unikt i Queen-katalogen, sidan det ikkje er basert på bestseljarane deira. Det finst somme hittar her («We Will Rock You», «I Want It All» og «Fat Bottomed Girls»), medan andre songar aldri vart gjevne ut på singlar («Put Out the Fire», «Tear It Up» og «Sheer Heart Attack»). Albumet inneheld òg ein ny versjon av «I Can't Live With You», med tyngre gitar og meir aggressiv tromming.