Queen Studioalbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. juli 1973 | |
Innspelt | Desember 1971, juni til november 1972 i De Lane Lea og Trident Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 39:09 | |
Selskap | EMI (Europe) Elektra (US) | |
Produsent | John Anthony, Roy Thomas Baker, Queen | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
Queen | Queen II (1974) | |
Singlar frå Queen | ||
|
Queen er debutalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i juli 1973. Det vart spelt inn i Trident Studios og De Lane Lea Music Centre i London, produsert av Roy Thomas Baker (som Roy Baker), John Anthony og Queen.
Albumet var inspirert av hardrock, progressiv rock og heavy metal frå den tida. Det dekkjer tema som folkeminne («My Fairy King») og religion («Jesus»). Frontmannen Freddie Mercury skreiv fem av dei ti songane, gitaristen Brian May skreiv fire, (inkludert «Doing All Right», som var skriven i lag med bandkollegaen Smile, Tim Staffell), og trommeslagaren Roger Taylor skreiv og song «Modern Times Rock and Roll». Den siste songen på albumet er ein kort instrumentalversjon av «Seven Seas of Rhye». På plateomslaget stod det «And nobody played synthesiser», sidan somme lyttarar trudde at dei avanserte fleirsporsinnspelingane og effektane på gitaren og vokalen høyrtes ut som synthesiserar.[3] Bassisten John Deacon stod på den originale vinylutgåva oppført som «Deacon John»,[4] men etter utgjevinga, bad han om å få nytte det verkelege namnet sitt.