Queen of Kings

«Queen of Kings»
Song av Alessandra

Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 9. januar 2022
Sjanger Pop, elektropop
Lengd 02:40
Selskap Universal Music Group
Komponist Alessandra Mele
Låtskrivar(ar) Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale

«Queen of Kings» (norsk omsetjing ‘dronninga av kongar’) er ein norsk popsong og debutsingelen til den norsk-italienske songaren Alessandra Mele. Songen blei gjeven 9. januar 2023 og vann Melodi Grand Prix same år. Songen var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia og kom på femteplass.

Songen er skriven av Mele sjølv, saman med Henning Olerud, Stanley Ferdinandez og Linda Dale.

I forkant av Melodi Grand Prix-finalen fekk «Queen of Kings» viral suksess på sosiale medium, og i byrjinga av februar toppa «Queen of Kings» den globale Viral-topplista på strøymetenesta Spotify. Etter den norske finalen gjekk låten til topps på norske VG-lista, og etter Eurovision Song Contest i mai 2023 gjekk songen inn på topp 10 i land som Austerrike, Finland, Island, Litauen, Storbritannia, Sveits, Sverige og Ungarn.[1]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :0

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne