Quicksand Song av David Bowie frå albumet Hunky Dory | ||
Utgjeve | 17. desember 1971 | |
Innspelt | Trident Studios, London, 14. juli 1971 | |
Sjanger | Kunstrock, folkrock | |
Lengd | 5:03 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | Ken Scott, David Bowie |
«Quicksand» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory, spelt inn 14. juli 1971.[1] Det vert nytta fleire spor med akustiske gitarar på denne balladen og eit strykearrangement av Mick Ronson. Produsent Ken Scott, som nyleg hadde vore lydteknikar på George Harrison-albumet All Things Must Pass, prøvde å skape ein liknande mektig akustisk lyd på denne songen.[2]