Rab | |
---|---|
![]() Det historiske sentrumet på Rab | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 93,6 km²
|
Høgaste punkt | Kamenjak (408 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar |
Største busetnad | Rab (364 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8 268 (2021[1])
|
Rab (italiensk Arbe, latin Arba) er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og i Primorje-Gorski Kotar fylke. Øya var tidlegare grensa mellom Liburnia og Dalmatia.
Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 8 268 innbyggjarar (2021).[1] Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med karstbergartar, medan sørvestsida er dekt av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ei arbalestturnering og ein mellomalderfestival.
Den gamle hovudbyen på øya heiter òg Rab. Han har 364 innbyggjarar (2021)[1] og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.
Administrativt vart den nordlege delen av øya skild ut til landkommunen Lopar i 2006,[2] medan resten av øya høyrer til bykommunen Rab.