Rabbinar, òg skrive rabbin, rabbi, rebbi og ribbi, er ein tittel som blir bruka om jødiske lærde. Det varierer noko mellom ulike retningar av jødedommen kva som ligg i denne tittelen — frå hebraisklærar («ribbí» eller «rebbí») blant spanske og portugisiske sefardím via religionslærar og dommar i typisk askenasisk ortodoks jødedom til forrettar i synagogen og sjelesørgjar i liberale retningar av amerikansk jødedom.