Radians er den effekten som vert strålt ut frå eit flateelement per romvinkeleining i ei særskild retning dividert på den tilsynelatande storleiken til flateelementet sett frå same retning. Radiansen er definert som
![{\displaystyle L={\frac {\mathrm {d} ^{2}\Phi }{\mathrm {d} A\,\mathrm {d} {\Omega }\cos \theta }}\approx {\frac {\Phi }{\Omega A\cos \theta }}}](https://wikimedia.org/api/rest_v1/media/math/render/svg/68fb3434c3ffee3c990e16d940025cdfb6aa1859)
der
- L er den observerte eller målte radiansen (W·m−2·sr−1), i retninga θ,
- d er differnsialoperatoren,
- Φ er den totale strålingsfluksen eller effekten (W) utstrålt
- θ er vinkelen mellom normalen på flata og den spesifiserte retninga
- A er arealet til flata (m2), og
er romvinkelen (sr) i forhold til observasjonen eller målinga.
- Tilnærminga gjeld berre for små A og Ω der cos θ er tilnærma konstant.
Viss radiansen er den same i alle retninga, seier ein at strålinga følgjer Laberts cosinuslov
Radians-faktoren for eit punkt på ei flate er forholdet mellom radiansen i ei særskild retning og den radiansen ein ville ha venta i same retning om flata hadde reflektert strålinga i samsvar med Lamberts cosinuslov.