Radio Ga Ga Singel av Queen frå albumet The Works | ||
B-side |
«I Go Crazy» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve |
| |
Innspelt | August – oktober 1983 | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | ||
Komponist | Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | Roger Taylor | |
Produsent | ||
Queen-kronologi | ||
«Back Chat»
(1982) |
Radio Ga Ga | «I Want to Break Free»
(1984)
|
«Radio Ga Ga» er ein song frå 1984 framført av det britiske rockebandet Queen, skriven av trommeslagaren Roger Taylor. Han vart gjeven ut som singel med «I Go Crazy» av Brian May som den originale B-sida (3:42) og på albumet The Works. Songen er òg med på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[3]
Singelen vart ein verdsomfattande suksess for bandet, og nådde toppen av singellistene i 19 land. På UK Singles Chart i Storbritannia nådde han andreplassen, og på Billboard Hot 100 i USA nådde han 16. plassen.[4][5] Bandet spelte songen på alle konsertane sine etter 1984 fram til den siste konserten med Freddie Mercury i 1986, mellom anna på Live Aid i 1985.[6][7][8][9]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet BBC