Radiomottakar

Ein radiomottakar berekna til FM-radio og AM-radio.

Ein radiomottakar er eit apparat som tek imot radiobølgjer, som er modulerte elektromagnetiske bølgjer, og skil ut informasjonen som vert overført (informasjonssignalet). Denne informasjonen kan vera eit analogt signal, som lyd, eller ulike former for digital data.

Best kjent er radiomottakarar som tek i mot og dekodar signala frå ein kringkastar. Dette var tidlegare AM eller FM-radio, men kan i dag like godt vera digital radio, som DAB. I samband med kommunikasjonsradio er som oftast mottakar og sendar bygde inn i same apparat. Typiske døme er walkietalkie, mobiltelefon, stasjonar i trådlause nett, Blåtann, osb.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne