Rafah | |||
رفح, רָפִיחַ | |||
kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rafah guvernement | ||
Del av | Gazastripa | ||
Koordinatar | 31°17′19″N 34°15′07″E / 31.28861°N 34.25194°E | ||
Areal | 64 km² | ||
Folketal | 71 003 (2006)[1] | ||
Borgarmeister | Sa'ad Zoarub | ||
![]() Rafah 31°17′19″N 34°15′07″E / 31.288611111111°N 34.251944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Rafah |
Rafah (arabisk رفح, Rafaḥ, hebraisk רָפִיחַ, Rafiaḥ) er ein palestinsk by sør på Gazastripa. Han ligg kring 30 km sør for Gaza og hadde 71 003 innbyggjarar i 2006[1], ein stor del av dette palestinske flyktningar. Rafah-leiren og Tall as-Sultan-leiren dannar separate busetnader. Rafah er distriktshovudstad i Rafah guvernement. Yasser Arafat internasjonale lufthamn, den einaste flyplassen i Gaza, ligg like sør for byen. Flyplassen var i drift frå 1998 til 2001, då han vart bomba og jamna med jorda av Det israelske forsvaret (IDF) etter at Hamas hadde teke livet av israelske soldatar. Rafah ligg ved Rafah-overgangen, som er den viktigaste grenseovergangen mellom Gazastripa og Egypt.