Rakel

Rakel er eit kvinnenamn avleia av det hebraiske ordet for «lamsau». I dansketida vart namnet oftast skrive Rachel, og denne skrivemåten har tatt seg opp att i nyare tid, sjølv om den skrivemåten med K er vanlegast.

Rakel har i Noreg namnedag 3. juni.

Utbreiing gjennom tre hundreår:

  • I 1801 var det etter folketeljinga om lag 750 som het Rachel/Rakel/Rackel.
  • I 1900 var det etter folketeljinga om lag 3000 som het Rachel/Rakel/Rackel.
  • I 2007 var det nær 1940 med namnet Rakel eller Rachel.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne