Raseborg | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nyland | ||
Areal | 2 178 km² | ||
Grunnlagd | 2009 | ||
Språk | svensk, finsk | ||
![]() Raseborg 59°58′30″N 23°26′10″E / 59.975°N 23.436111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Raseborg |
Raseborg (finsk Raasepori) er ein kommune i landskapet Nyland i Finland. Den vart etablert 1. januar 2009 ved samanslutning av dei tre kommunane Ekenäs, Karis og Pojo. Byen Raseborg ligg ved kysten av Finskebukta, ca. 70 kilometer vest for Helsingfors og ca. 100 kilometer aust for Åbo. Raseborg grensar til kommunane Hangö, Kimitoön, Salo, Karislojo, Lojo og Ingå.
Den nye kommunen har ca. 28 700 innbyggjarar og eit totalt areal på 2 178 km². 1 144,32 km² av dette er land. Kommunen har bystatus og er tospråkleg med svensk som majoritetsspråk (ca. 67,1 %) og finsk som minoritetsspråk (ca. 30,7 %). Raseborg er dermed Finlands største kommune med svensk som majoritetsspråk.
Raseborg består av landlege område og mange tettstader. Den største tettstaden er Ekenäs.