Rastafariaisme, også kalla rastafari eller berre rasta, er ei religiøs, sosial og politisk rørsle som oppstod på Jamaica i 1930-åra.[1] Rørsla tek opp i seg element frå kristendommen, panafrikansk ideologi og ein draum om Afrika, og særleg Etiopia, som eit lova land for den afrikanske diasporaen.[2]
Mange tilhengarar av rastafarirørsla ser den tidlegare keisaren av Etiopia, Halie Selassie I, som Jah eller Gud. Namnet Rastafari kjem frå kroningsnamnet til keisaren, Ras Tafari.[2]