Raude dvergar er ein type små og relativ kjølige stjerner i hovudserien på Hertzsprung-Russell-diagrammet. Dei er enten seine-K- eller M-stjerner og er den vanlegaste stjernetypen i galaksen. Dei har ein masse på mindre enn halvparten av sola (ned til omtrent 0,075 solmassar, under ligg dei brune dvergane) og ein overflatetemperatur på mindre enn 3500 K.