Real Live Konsertalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. november 1984 | |
Innspelt | 5. til 8. juli 1984 | |
Sjanger | Folkrock, hardrock | |
Lengd | 50:15 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Glyn Johns | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Infidels (1983) |
Real Live | Empire Burlesque (1985)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Rolling Stone | [3] |
Real Live er eit konsertalbum av Bob Dylan frå Europa-turneen hans i 1984. Det kom ut same året på Columbia Records. Det meste av konserten vart spelt inn på Wembley Stadium den 8. juli, mn «License to Kill» og «Tombstone Blues» kom frå St James' Park i Newcastle den 5. juli, og «I and I» og «Girl from the North Country» vart spelte inn i Slane Castle i Irland den 8. juli
Albumet vart produsert av Glyn Johns og har Mick Taylor (tidlegare Rolling Stones) på sologitar, Ian McLagan (tidlegare frå Faces) på keyboard, og ein gjesteopptreden av Carlos Santana. Real Live vart spelt inn på turneen etter albumet Infidels og medan Infidels fekk god kritikk, fekk Real Live meir blanda mottaking.
Albumet kom ut i desember for å utnytte julehandelen, men selde likevel skuffande. Det nådde berre 115. plass i USA og 54. plass i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 13. plass.