Reality Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. september 2003 | |
Innspelt | Januar til mai 2003 | |
Studio | Heimestudio til David Bowie, SoHo Looking Glass, NoHo Heimestudioet til Mike Garson, Bell Canyon | |
Sjanger | Rock[1] | |
Lengd | 49:25 | |
Selskap |
| |
Produsent |
| |
Studioalbum av David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Best of Bowie (2002) |
Reality | Club Bowie (2003) |
-kronologi | ||
Heathen (2002) |
Reality | The Next Day (2013) |
Singlar frå Reality | ||
|
Reality er det 23. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 15. september 2003 på ISO Records og Columbia Records. Det vart produsert av Bowie og den mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti, og spelt inn mellom januar og mai 2003 i heimestudioet til Bowie, Looking Glass Studios i New York City og heimstudioet til Mike Garson i California. Det var eit rockealbum og hovudsakleg skriven etter at det førre albumet Heathen var ferdig. Det inneheld coverversjonar av The Modern Lovers-songen «Pablo Picasso» og George Harrison sin «Try Some, Buy Some». Albumet fekk positive meldingar då det kom ut. Han marknadsførte albumet med Reality-turneen i 2003 og 2004, som vart den siste konsertturneen hans. Det var det siste albumet hans med originale songar på ti år, før The Next Day i 2013.