Recoverybreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 81°10′S 28°00′W / 81.167°S 28.000°W | ||
Lengd | 100 km | ||
Munning | Weddellhavet | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Recoverybreen 81°10′00″S 28°00′00″W / 81.16666667°S 28°W | |||
Recoverybreen er ein isbre som flyt vest langs sørsida i Shackletonkjeda i Antarktis. Han vart oppdaga frå lufta og utforska frå bakken under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition i 1957, og fekk dette namnet fordi kjøretøya nytta under ekspedisjonen fleire gonger måtte bergast (recovery på engelsk) frå bresprekk på denne breen under kryssinga av Antarktis. Han er minst 100 km lang og 64 km brei ved munningen.
Recoverystraumen, som drenerer delar av Den austantarktiske iskappa inn i breen, er nesten 800 km lang og gjev is til Filchnerisen i Weddellhavet. Området inneheld fire subglasiale sjøar, og fører til at isstraumen varierer dramatisk, frå 2 til 50 meter per år. Isstraumen drenerer kring 35 milliardar tonn med vatn og is i havet kvart år[1], medan heile det Det austantarktiske isdekket gjev frå seg kring 57 milliardar tonn på eit år.[2]