Redditch | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Grevskap | Worcestershire | |
Distrikt | Redditc | |
Borgarmeister | Cllr Carol Gandy | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
78 050 | |
Koordinatar | 52°19′N 1°56′W / 52.317°N 1.933°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Nettstad: www.redditchbc.gov.uk | ||
Redditch er ein by og eit administrativt distrikt i Worcestershire i England. Han ligg i ved A441 som går mellom Birmingham og Cookhill. Den romerske vegen Icknield Street går rett austom byen.
Byen blir nemnt første gongen i 1348 som Red-Dych, antakeleg ein referanse til den raude leiren ved elva Arrow. I mellomalderen vart han eit sentrum for produksjon av nåler, og seinare har fiskekrokar og anna fiskeutstyr vore viktige produkt. Nåleproduksjonen er dokumentert på Forge Mill Needle Museum.
I 1964 fekk han statusen som new town, og folketalet auka på nokre år frå drygt 30 000 til over 75 000. Ein stor del av dei som flytta til dei mange nye bustadområda som sprang opp kom frå Birmingham, og mange pendlar dit for å arbeide. Den tradisjonelle nåleproduksjonen er erstatta av moderne industri. Blant produkt byen er kjent for å nyare tid er motorsyklar og stålfjærer.