Reggae Geel

Bunny Wailer ved Reggae Geel 2014

Reggae Geel er ein reggaefestival som blir halden i Geel i Belgia, som regel den første fredagen og laurdagen i august. Han byrja i 1979,[1] og er den eldste reggaefestivalen i Europa. I 2014 hadde han rundt 55 000 vitjande.[2]

Festivalen byrjar gjerne med reggae-deejayar og sound system på fredagen, med hovudopptredenane på laurdagen.

  1. «History». 
  2. Festival Hunt —Jamaica Observer

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne