Regjeringa Stoltenberg II var den fungerande regjeringa i Noreg mellom 2005 og 2013. Den vart danna med Jens Stoltenberg som statsminister, etter Stortingsvalet 2005. Regjeringa er ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Regjeringa blir ofte kalla den raud-grøne regjeringa. Etter Stortingsvalet 2009 hadde dei tre regjeringspartia framleis fleirtal i Stortinget, og heldt dermed fram med regjeringssamarbeidet. 20. oktober 2009 vart det presentert fleire endringar blant medlemmene av regjeringa, statsrådane, og den har difor i media også blitt omtalt som Regjeringa Stoltenberg III.