Reidar Sandal | |||
![]() Sandal på sentralbanksjefen sin årstale i 2016 Foto: Tore Sætre | |||
Fødd | 24. mars 1949 (75 år) Vågsøy | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Reidar Sandal (fødd 24. mars 1949 i Vågsøy i Sogn og Fjordane) er ein norsk politikar frå Arbeidarparti stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 1995-1997.
Reidar Sandal var første vararepresentant til Stortinget frå 1989 til 2001, og møtte fast i Kjell Opseth si statsrådtid, frå 3. november 1990 til 22. desember 1995, då han sjølv blei statsråd, kyrkje-, utdannings- og forskingsminister fram til 17. oktober 1997.
Han blei deretter vald inn på Stortinget i 2001 og sat i to periodar fram til 2009, då han ikkje tok attval. Frå desember 2006 og ut stortingsperioden var Sandal leiar for finanskomiteen.
Sandal tok til som leiar av Noregs Bank sin representantskap i januar 2010. Frå 2010 til 2014 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Han vart på ny vald til dette vervet i 2022. Frå 2010 til 2014 leia han styret for Innovasjon Norge.