Reiseskildring

Tittelbladet til Voyage au pôle sud et dans l'Oceanie av Jules Dumont D'Urville.
Tittelbladet til Orientalischen Reise av Adam Oleanus.
Manuskript til Reise-Erindringer av Ivar Aasen.

Reiseskildring er ein litterær sjanger som tek for seg forfattaren sine opplevingar og tankar under ei reise. Ein slik tekst skildrer gjerne fjerne stader og skikkar der, men er ikkje i første rekkje meint som ei reisehandbok. I staden kan han ha som føremål å underhalda eller opplysa ved å formidla kunnskap eller innsikt frå stadane og samfunna han skildrar. Den kanskje viktigaste funksjonen til ei reiseskildring er at ho kan gje lesaren ei reiseoppleving utan at han treng reisa.

Reiseskildringar kan ha form som artiklar, brev, dagboknotat, essay eller reportasjar. Dei kan variera i lengd frå korte tekstar til bokseriar. Ofte kan dei ha sjølvbiografiske element i og med at dei handlar om forfattaren sine eigne opplevingar.

Tidlege reiseskildringar var skrivne av menneske som av ulike grunnar reiste, som offisielle utsendingar, kjøpmenn eller i vitskapleg samanheng. Nokre av dei verker også ha vore folk som ønskte å reisa. Etterkvart som moderne turisme voks fram, blei reisa for reisas skuld viktigare. Frå midten av 1800-talet blei reiseskildringar ofte skrivne for aviser og vekeblad, og mange reisebøker er samlingar av slike artiklar eller brev.

Innan fiksjon er reiseskildring blitt nytta ei rekkje gonger, både ved at forfattaren omformar eigne opplevingar til eit oppdikta verk eller ved heilt oppdikta reiser.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne