Relikvarium, relikvieskrin eller relikviegøyme er eit staseleg utforma skrin eller anna form for hol gjenstand meint for å take vare på relikviane frå eit kristent heilagt menneske (ein helgen), eller for noko som kan knytast til Jesu jordiske liv.
Relikvarium for lekamsdelar frå heilage personar, som føter, hender, hovud og anna, kunne verte utforma i samsvar med dei lekamsdelane dei inneheld.
Relikvarium er òg kjend frå andre religionar enn kristendomen, mellom anna frå buddhismen.