Remember a Day Singel av Pink Floyd frå albumet A Saucerful of Secrets | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. august 1968 (USA) | |
Innspelt | 9. mai og oktober 1967 | |
Studio | De Lane Lea Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:40 (singel) 4:33 (album) | |
Selskap | Tower | |
Komponist | Richard Wright | |
Tekstforfattar | Richard Wright | |
Låtskrivar(ar) | Rick Wright | |
Produsent | Norman Smith | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«It Would Be So Nice» (1968) |
Remember a Day | «Point Me at the Sky» (1968)
|
«Remember a Day» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd, skriven og sungen av klaverspelaren Rick Wright, og gjeven ut på det andre albumet deira, A Saucerful of Secrets (1968).[1][2] Han vart berre framført på ein Pink Floyd-konsert ein gong, som eit ekstranummer i mai 1968. Han vart òg spelt av David Gilmour i september 2008 til minne om Wright, som nettopp var død av kreft og av Nick Mason under Saucerful of Secrets-turneen hans. Den drøymande, poetiske teksten handlar om nostalgien for eit tapt barndomsparadis.[3]