Renegade av Styx

Renegade
Singel av Styx
frå albumet Pieces of Eight
B-side

Sing for the Day

Utgjeve 9. januar 1979
Innspelt 1978
Sjanger Hardrock, progressiv rock
Lengd 4:15
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Tommy Shaw
Produsent Styx
Styx-kronologi 
«Sing for the Day»
(1979)
Renegade «Babe»
(1979)


«Renegade» er ein hitsong frå 1979 av det amerikanske rockebandet Styx. Han vart spelt inn på albumet Pieces of Eight. Songen nådde 16. plassen på Billboard Hot 100 i juni 1979.

Songen handlar om ein fredlaus som vert fanga av dusørjegerar og forstår at han skal hengast.

Somme utgåver av singelen kom i ein gjennomsiktig, raud vinyl. Songen er blitt mykje spelt på radiokanalar som spelar klassisk rock og songen vert ofte framført som den siste songen på konsertane til Styx.

Sjølv om Tommy Shaw og James Young vanlegvis spelte sologitar på sine eigne songar, spurte Young Shaw om han sjølv kunne spele soloen på «Renegade». Shaw gjekk med på det, og Young let seinare Shaw spele sologitar på hans «Half-Penny, Two-Penny» på albumet Paradise Theatre.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne