Ribe | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region Syddanmark | ||
Kommune | Esbjerg kommune | ||
Koordinatar | 55°19′00″N 8°45′00″E / 55.316667°N 8.75°E | ||
Areal | 743 km² | ||
Folketal | 8 142 (2013) | ||
Folketettleik | 11 / km² | ||
Tidssone | UTC +1 | ||
![]() Ribe 55°19′38″N 8°45′47″E / 55.327222°N 8.763056°E | |||
Wikimedia Commons: Ribe | |||
Nettstad: www.ribe.dk |
Ribe er ein by og tidlegare kjøpstad i Esbjerg kommune i Region Syddanmark i Danmark. Byen vert rekna som den eldste i Danmark og vart grunnlagd på 700-talet.[1] Folketalet i Ribe by var 8 142 i 2013.[2]
Ribe var i tida 1970-2007 administrativt sentrum for den no oppløyste Ribe kommune, og for Ribe amt.
Namnet Ribe kan førast attende til det olddanske ripa, som tyder «stripe» eller «strimmel». Alternativt kan namnet stamme frå nordtysk og frisisk, med standnamna Riep og Riip, som ein meiner kjem frå det latinske ripa som tyder «flodbreidd».
Ein trur at Ribe var ein by før 7-800 e.Kr, og at han var den leiande byen i Jylland i vikingtida og tidleg i mellomalderen, medan Hedeby (Haithapu) og Aalborg (Alabu) stod noko meir i skuggen av Ribe. Reelt sett var byen hovudstaden i Danmark tidleg i vikingtida.[1]
Byen har mange godt bevarte gamle bygningar, og meir enn hundre hus i byen er freda. Det eldste rådhuset i Danmark, som kan daterast attende til 1496, ligg på von Støckens Plads i Ribe. I 1709 vart eigedomen kjøpt av byen til rådhus. Byen har det eldste provinsmuseet i Danmark. Frå 1723 var Christian Falster rektor på katedralskulen i Ribe.