Riksmeklingsmannen er eit norsk statleg embete som har til oppgåve å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, det vil seie tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Den statlege meklingsordninga blei innført i Noreg frå 1.1.1916, då den første arbeidstvistlova av 1915 vart sett i verk. Embetet er i dag heimla i lov av 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister og ligg administrativt under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Embetet skiftar namn til Riksmeklaren når den nye arbeidstvistlova trer i kraft.
Embetet blir leia av riksmeklingsmannen, som blir oppnemnt av Regjeringa for tre år i gongen. Vidare har embetet åtte faste kretsmeklingsmenn som hovudsakleg meklar i lokale tvistar.
Meklingsmennene skal varslast om einhver plassoppseiing. I tvistar skal dei prøve å kome fram til forslag som begge parter kan bli einige om.