Rivertonprisen – «Den gyldne revolver» – er ein norsk litteraturpris som vert delt ut årleg av Rivertonklubben, og skal gå til forfattaren av årets beste norske kriminallitterære arbeid (roman, novellesamling, skodespel, originalmanus for spelefilm, fjernsynsdrama eller radioteater). Prisen er eit samarbeid mellom Rivertonklubben, Bokhandlerforeningen, Den norske Forleggerforening og De norske Bokklubbene. Ein jury frå Rivertonklubben peiker ut vinnaren. Sjølve prisen er ein forgylt nagantrevolver.
Fram til 2001 kunne ein person ikkje få prisen meir enn ei gong. I dag kan forfattarar få prisen ein andre gong, for eit arbeid som vert vurdert som eit klart høgdepunkt i karrieren, eller for eit markant come-back. Tre forfattarar har motteke prisen to gonger, Gunnar Staalesen i 1975 og 2002, Jon Michelet i 1981 og 2001 og Anne Holt i 1994 og 2024. Torolf Elster er den einaste som både har fått den ordinære prisen (1982), og æresprisen (1997).