Roa stasjon

60°16′59.657″N 10°37′12.936″E / 60.28323806°N 10.62026000°E / 60.28323806; 10.62026000

Roa stasjon.

Roa stasjon er ein jarnbanestasjon på Gjøvikbanen gjennom Lunner kommune i Akershus, ferdig i 1909 i samband med at Bergensbanen vart opna og knytt til Gjøvikbanen på denne stasjonen.

Bergensbanen på strekninga frå Roa stasjon til Hønefoss stasjon er ikkje lenger i bruk for ordinære persontog, berre for godstog, og har difor fått namnet Roa-Hønefosslinja. Roa stasjon er no berre stoppestad for persontog på Gjøvikbanen. Det er ikkje manuelt sal av billettar her, og heller ingen billettautomat. Men Jernbaneverket har mannskap på stasjonen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne