Robbie McIntosh | |||
Fødd | 6. mai 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dundee | ||
Død | 23. september 1974 (24 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | trommer | ||
Tilknytte artistar | The Senate Average White Band | ||
Verka som | trommeslagar |
Robert Broderick James «Robbie» McIntosh (6. mai 1950–23. september 1974) var ein skotsk trommeslagar frå Dundee. Han var med på å skipe Average White Band.
Før han var med på å skipe AWB i 1971-72, hadde McIntosh vore medlem av banda The Senate med Alex Ligertwood og The Primitives seint i 1960-åra.
McIntosh døydde av ein heroinoverdose,[1] på ein fest etter ein konsert på Troubadour i Los Angeles. Dette skal ha vore eit uhell og han og bandmedlemmet Alan Gorrie skal ha trudd det var kokain. Gorrie vart redda av Cher som heldt han vaken lenge nok til at han fekk hjelp.[2] Den 30 år gamle millionæren Kenneth Moss, som var vert for festen, vart dømd for mord av ein storjury.[3]