Robbie Montgomery | |||
Fødd | 16. juni 1940 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Columbus i Mississippi i USA | ||
Fødenamn | Robbie Marie Montgomery | ||
Alias | Miss Robbie | ||
Opphav | St. Louis i Missouri | ||
Sjanger | R&B | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Ike & Tina Turner, The Ikettes, The Mirettes, Dr. John | ||
Plateselskap | Teena Records, Modern Records, Mirwood Records, Uni Records | ||
Verka som | Songar, restauranteigar |
Robbie Montgomery (fødd 16. juni 1940) er ein USA-amerikansk soulsongar og restauranteigar. Ho er kjend som ein av dei originale medlemmane i Ikettes i Ike & Tina Turner Revue i 1960-åra. Etter perioden hennar som ein Ikette, vart ho medlem av The Mirettes, og så vart ho ein «Night Tripper» for Dr. John. I 1970-åra var Montgomery korvokalist for artistar som Stevie Wonder, Barbra Streisand, The Rolling Stones og Joe Cocker.[1] Ho skapte seinare Sweetie Pie's-kjeden og hadde sin eigen røyndomsserie kalla Welcome to Sweetie Pie's.[2]