Robbie Robertson | |||
Robertson i 1971. Foto: Heinrich Klaffs | |||
Fødd | 5. juli 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toronto | ||
Død | 9. august 2023 (80 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Jaime Robert Klegerman | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1957–2023 | ||
Sjanger | Rock, folkrock | ||
Instrument | Gitar, piano, munnspel, autoharpe, vokal | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | The Band, Ronnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, John Hammond Jr. | ||
Plateselskap | Capitol, Geffen | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent, skodespelar | ||
Born | Sebastian Robertson | ||
Prisar | offiser av Order of Canada, Governor General’s Performing Arts Award, Juno Award for Album of the Year, Jack Richardson Producer of the Year Award, Jack Richardson Producer of the Year Award, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Canada’s Walk of Fame, Hollywood Music in Media Award for Best Original Score in a Feature Film, CASBY Award |
Jaime Robert «Robbie» Robertson, fødd Jaime Robert Klegerman (5. juli 1943–9. august 2023)[1]), OC, var ein kanadisk musikar og gitarist. Han er mest kjend som gitarist og den viktigaste låtskrivaren i The Band.[2] Han vart rangert på 78. plass på Rolling Stone si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[3] The Band er innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Canadian Music Hall of Fame. Som låtskrivar har Robertson stått for klassikarar som «The Weight», «The Night They Drove Old Dixie Down», «Up On Cripple Creek», «Broken Arrow» og «Somewhere Down the Crazy River», blant mange andre.