Robert Clive | |||
![]() Robert Clive, 1st Baron Clive måla av Nathaniel Dance | |||
Fødd | 29. september 1725 Shropshire, Kongeriket Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Død | 22. november 1774 (49 år) | ||
Statsborgar av | Kongeriket Storbritannia | ||
Yrke | politikar, offiser, soldat | ||
Utdanna ved | Merchant Taylors' School | ||
Mor | Rebecca Gaskell | ||
Far | Richard Clive | ||
Ektefelle | Margaret Clive | ||
Barn | Edward Clive, 1st Earl of Powis, Richard Clive, Jane Clive, Rebecca Clive, Charlotte Clive, Margaret Clive, Elizabeth Clive, Robert Clive | ||
Medlem | Royal Society | ||
Alle verv |
Robert Clive, Baron Clive of Plassey, (fødd 29. september 1725 Styche nær Market Drayton i Shropshire i England, død 22. november 1774 i London) var ein britisk offiser og kolonialist. Han har fått æra for å sikre India og rikdomen som følgde for den britiske krona.[1] Han var ein av dei viktigaste personane i opprettinga av Britisk India.
Han tenestegjorde frå 1743 i India i Det britiske ostindiske kompaniet. Han kjempa mot franskmenn og hollendarar og vann sigrar ved Arcot i 1751, Trichinopoly i 1752 og Biderra 1759, samt over nawaben av Bengal i slaget ved Plassey i 1757.
Han vart etter sigeren i Plassey den første britiske guvernøren i Bengal, men vende i 1760 attende til heimlandet for å få tittelen «Baron Clive of Plassey» der. Han vart så igjen guvernør i Bengal 1765-1767, der han han effektivt stoppa korrupsjon og ineffektivitet. Han vart likevel skulda for ikkje å ha skøytt vervet etter han kom attende til Storbritannia, og tok til slutt livet sitt, sjølv etter at han i 1773 vart reinvaska.