Robert Johnson | |||
![]() | |||
Fødd | 8. mai 1911 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hazlehurst i Mississippi i USA | ||
Død | 16. august 1938 (27 år) | ||
Dødsstad | Greenwood i Mississippi i USA | ||
Fødenamn | Robert Leroy Johnson | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1929–1938 | ||
Sjanger | Deltablues, blues, countryblues | ||
Instrument | Gitar, vokal, munnspel | ||
Plateselskap | Columbia Records | ||
Verka som | gitarist, blues singer, songar-låtskrivar, gateartist | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Robert Leroy Johnson (8. mai 1911–16. august 1938) var ein USA-amerikansk bluesmusikar frå Mississippi. Innspelingane hans frå 1936 og 1937, som står som milepålar i musikkhistoria, syner ein kombinasjon av synging, gitardugleik og talent for låtskriving som har påverka seinare generasjonar av musikarar. Det skuggelagte og dårleg dokumenterte livet til Johnson, som døydde berre 27 år gammal, har gjeve liv til legendestatusen hans. Ei Faust-aktig segn skal ha det til at han selde sjela si til djevelen ved eit lokalt vegkryss i Mississippi for å få suksess. Som ein omreisande artist som hovudsakleg spelte på gatehjørne, på juke joints og til dans på laurdagskveldar, fekk Johnson lite kommersiell suksess eller offentleg respekt medan han levde.
Etter at innspelingane hans kom ut på ny i 1961 på LP-plata King of the Delta Blues Singers, nådde musikken hans ut til eit større publikum. Johnson vert i dag rekna som ein meister innan blues, særleg Mississippi Delta blues-stilen. Han er omtalt av mange rockemusikarar som ei viktig inspirasjonskjlde. Blues- og rockemusikaren Eric Clapton har kalla Johnson «den viktigaste bluessongaren som nokon gong har levd.»[1][2]
Johnson vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame under den første seremonien i 1986, som ei tidleg inspirasjonskjelde for rock and roll.[3] I 2003 vart Johnson rangert på femteplassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[4]