Rock Me Singel av Steppenwolf frå albumet At Your Birthday Party | ||
B-side |
Jupiter's Child | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. februar 1969[1] | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:45 | |
Selskap | ABC | |
Låtskrivar(ar) | John Kay[2] | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Steppenwolf-kronologi | ||
«Magic Carpet Ride» (1968) |
Rock Me | «It's Never Too Late» (1969)
|
«Rock Me» er ein song av det kanadisk-amerikanske hardrockbandet Steppenwolf. Han vart gitt ut i 1969 på albumet deira At Your Birthday Party. Songen vart skriven av vokalisten i bandet John Kay, og var den femte amerikanske singelutgivinga deira. Låten vart produsert av Gabriel Mekler og gitt ut som singel i 1969, opphavleg som B-sida til «Jupiter's Child», men sidene vart seinare bytt om.[3] Han nådde topp 10 på Hot 100 den 19. april 1969[4] og 6. plassen på både WLS[5] og WCFL.[6] Han var både Billboard[7] og Cashbox[8] sin toppdebut i veka 1. mars 1969. Songen blir rekna som høgdepunktet på albumet,[9][10] sjølv om han vart nytta i ein film i god tid før albumet kom ut.[11] Låten følgde i kjølvatnet av dei to hittane til bandet frå 1968,[12] «Born to Be Wild» som nådde andreplassen og «Magic Carpet Ride» som nådde tredjeplassen. Cash Box rosa spesielt den «pulveriserande vokalprestasjonen».[3]
Dave Grusin brukte songen då han laga musikken til den psykedelisk sexfarse-filmen Candy frå 1968, der han er kulminasjonen på soundtracket.[13] Steppenwolf framførte låten i ein episode av The Smothers Brothers Comedy Hour den 5. januar 1969 og på den tyske Beat-Club.[14] Låten dukka seinare opp på livealbumet Live at 25 gitt ut i 1995 og Live in Louisville gitt ut i 2004, og dessutan på alle samlealbuma deira.
Way Back Attack rangerer den som nummer 31 på lista si over dei 100 beste psykedeliske hitene frå 1966-1969.[15]
I boka Die at the Right Time! A Subjective Cultural History of the American Sixties, noterte Erik v. d. Luft det overraskande temaet frå det reint mannlege bandet, fronta av John Kay si barske stemme som «klaga over at ei kvinne vart objektifisert for sex.»[9]
Cash Box skildra den opphavlege A-sida, «Jupiter's Child», som «stålhard utelukkande på grunnlag av den særeigne solovokalen og ulmande instrumenteringa» trass i eit relativt lågt tempo.[16]