Rock and Roll Singel av Gary Glitter frå albumet Glitter | ||
A-side |
«Rock and Roll Part 1» | |
---|---|---|
B-side |
«Rock and Roll Part 2» | |
Land | USA | |
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Glamrock, poprock | |
Lengd | 3:02 (Part 1) 3:10 (Part 2) | |
Selskap | Bell Records | |
Låtskrivar(ar) | Gary Glitter, Mike Leander | |
Produsent | Mike Leander | |
Gary Glitter-kronologi | ||
Rock and Roll | «I Didn't Know I Loved You (Til I Saw You Rock 'n' Roll)» (1972)
|
«Rock and Roll», òg kjend som «The Hey Song», er ein song av den britiske glamrockartisten Gary Glitter som kom ut i 1972 som singel og på albumet Glitter. Han vart skriven av Glitter og Mike Leander og er delt i to delar: Part 1 er ein vokal versjon som omhandlar historia til rock and roll, medan Part 2 hovudsakleg er ein instrumental. Begge delane vart populære i Storbritannia og songen gjekk til andreplassen på den britiske singellista. På konsertane sine brukte Glitter å slå dei to delane saman.
I USA var det den instrumentale delen (Part 2) som vart mest populær og nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100. Part 2 av songen er ofte nytta på forskjellige sportshendingar i Canada og USA, særleg når heimelager scorar (eller vinn).
Kallenamnet «The Hey Song» kjem av det einaste ordet i Part 2 er «hey».
I 2005-2006 vart Glitter dømd for utukt mot mindreårige jenter i Vietnam. NFL bad då laga om å stoppe å spele songen, sjølv om Glitter alt hadde vorte dømd og fengsla for eige av barnepornografi i Storbritannia i 1997. NFL har gjeve løyve til ein coverversjon av songen av Tube Tops 2000 som no vert nytta i staden.[1]