Rock of the Westies Studioalbum av Elton John | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. oktober 1975 | |
Innspelt | Juni og juli 1975 | |
Studio | Caribou Ranch i Nederland i Colorado; Trident Studios i London (miksing)[1] | |
Sjanger | Hardrock, rock | |
Lengd | 43:39 | |
Selskap | MCA (USA) DJM (Storbritannia) | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
---|---|---|
Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy (1975) |
Rock of the Westies | Here and There (1976) |
Singlar frå Rock of the Westies | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Robert Christgau | (A-)[3] |
Rolling Stone | (ikkje vurdert)[4] |
Rock of the Westies er det tiande studioalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut i 1975 og vart produsert av Gus Dudgeon. Det er det sjuande albumet på rad som kom på fyrsteplass på albumlista Billboard 200 i USA. Albumet var mindre populært i heimlandet Storbritannia der det nådde femteplassen.
Rock of the Westies inneheld singelen «Island Girl» som òg gjekk til topps i USA. Albumet var det første på lang tid der trommeslagar Nigel Olsson og bassist Dee Murray ikkje spelte med John, etter at dei fekk sparken over telefon av John sjølv. Dette gav musikken på albumet ein litt hardare stil, som skuffa mange tilhengjarar. Den neste singelen frå albumet, «Grow Some Funk of Your Own»/«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»), selde derfor noko dårlegare.
Songen «Hard Luck Story» hadde alt vorte spelt inn av Kiki Dee og gjeven ut som singel eit år tidlegare. Denne og «Don't Go Breaking My Heart» er tilskriven Ann Orson/Carte Blanche (An horse and cart, Blanche), eit aukenamn Elton John nytta når han skreiv både musikk og tekst på eiga hand. Ann Orson vart òg nytt som namn på ein korvokalist som ein trur er Elton John sjølv.
Labelle syng korvokal på opningssongen «Medley (Yell Help/Wednesday Night/Ugly)».
Sjølv om musikken på Rock of the Westies ikkje fekk så god kritikk då albumet kom ut, har det gjennom åra vorte sett i eit betre lys og vert i dag rekna som det siste «store» albumet frå denne tida av karrieren hans. I USA selde albumet til gullplate i 1975 og til platina i 1993.
Utanfor USA og Canada var dette det siste originale studioalbumet frå John på DJM Records, sidan han etter dette gav ut platene sine på sitt eige Rocket Records.
Songen «Street Kids» vart nytta i videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008.