Rogaland fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Vestlandet | ||
Adm.senter | Stavanger | ||
Areal | 9 376 km² | ||
• land | 8 605 km² | ||
• vatn | 771 km² | ||
Folketal | 499 417 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 58 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Bent Høie | ||
Fylkesordførar | Ole Ueland (H) | ||
Fylkesnummer | 11 | ||
Rogaland fylke 58°58′N 5°43′E / 58.97°N 5.71°E | |||
Wikimedia Commons: Rogaland | |||
Nettstad: www.rogfk.no |
Rogaland er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Vestland og i aust til Vestfold og Telemark og Agder. I vest har fylket kystline mot Nordsjøen.
Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt nåverande namn frå 1919. Namnet stammar frå rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.
Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.