Roger Glover | |||
Glover på scenen med Deep Purple i 2017 | |||
Fødd | 30. november 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brecon i Wales | ||
Fødenamn | Roger David Glover | ||
Opphav | Storbritannia, Wales | ||
Aktiv | Sidan 1969 | ||
Sjanger | Hardrock, heavy metal, poprock, bluesrock, progressiv rock | ||
Instrument | bassgitar, gitar, bass | ||
Tilknytte artistar | |||
Verka som |
| ||
Born | Gillian Glover |
Roger David Glover (fødd 30. november 1945) er ein walisisk bassist, låtskrivar og plateprodusent. Glover er mest kjend som bassist i rockebandet Deep Purple.[1][2]
Familien flytta til London i 1955 og Glover fekk interesse for musikk. I 1961 byrja han å spele bass og danna eit band kalla The Madisons. The Madisons vart seinare til bandet Episode Six, som gav ut fleire singlar.
Glover vart henta til det britiske hard rock-bandet Deep Purple saman med Episode Six-vokalist Ian Gillan i 1969. Han forlét bandet i 1973. I 1974 vart han plateprodusent på heiltid, og produserte plater for blant andre Nazareth, Elf, David Coverdale, Status Quo og Judas Priest. Han gav òg ut soloalbumet The Butterfly Ball.
I 1978 gav Glover ut albumet Elements, men i 1979 vart han invitert med i bandet Rainbow av Ritchie Blackmore. Dei gav ut fleire plater før Glover gav ut sitt tredje soloalbum, Mask i 1984.
Same år vart Deep Purple gjenforeint og Glover er framleis bassist i bandet. Saman med Ian Gillan gav Glover ut albumet Accidentally On Purpose i 1988.
Roger Glovers fjerde soloalbum, Snapshot, kom ut i 2002 og hans femte og hittil siste soloplate If Life Was Easy vart utgjeven i 2011.