Roland TR-909 Rhythm Composer er ein delvis analog og delvis samplingsbasert trommemaskin lansert av japanske Roland Corporation i 1983.[1] Han vart designa av Tadao Kikumoto som var ingeniøren bak Roland TB-303,[2] med ein 16-setgs steg-sekvenser og eit trommesett som prøvde å oppnå realisme og kostnadseffektivitet. Maskinen er heilt programmerbar og som føregjengaren, TR-808, kan han lagre heile songar med forskjellige seksjonar, i motsetnad til berre enkle rytmar. Det var den første trommemaskinen som var utstyrt med MIDI. Det vart produsert kring 10 000 einingar.